Styremøte 05.10.2021

Utstillingshallen, Førdehuset

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 Referat frå styremøte 05.10..2021,  Utstillingssalen Førdehuset

Til stades:  Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Fråvær: Bjørg

—————————————————-

Sak 1: Styret var samla for å drøfte opplegget i samband med julelunsjen 2021. Helge hadde innhenta tilbod frå Sunnfjord hotell/Scandic på pris og kapasitet.
Han hadde fått pris pr person på kr 395,00 for middag og julegløgg ved frammøte..
No når alle korona restriksjonar er oppheva er det god plass i Hugleiksalen.
Vedtak:
Styret godkjenner tilbodet og Helge gjev tilbakemelding til hotellet.
Julelunsjen i Førde vert tysdag 7 desember kl 1400.
Pris frå hotellet kr 395. Styret drøfta sponsing frå foreininga og prisane vart då:
Medlem kr 200 og ikkje medlem betalar full pris kr 395.
Dei som melder seg inn i samband med julelunsjen,  betalar kr 100 i medlemskontingent og
får då medlemspris.
Helge sjekkar underhaldning og pris

NB:Same sponsing i Sogn og andre stadar kor det vert arrangert julelunsj lokalt.
Invitasjon til julelunsjen vert sendt ut til medlemane på e-post/Sms (frå StyreWeb)
Her vil det stå litt om betaling og påmelding mm.

Sak 2: Kontakt med Lokalforeiningane.
Oliv hadde fått tilsendt orientering om dette med spørsmål vi skal svare på.
Oliv vidaresender  notatet til styremedlemmene for gjennomlesing. Tas på eige møte.

Sak3: Kjell: Refererte status økonomi. Lite bevegelse og forbruk i koronaperioden.
Medlemstal: 128.

Medlemsmøte:
Oliv oppfordra alle til å bidra med eit eller anna på julelunsjen. Harald Runde har noko på gong.

Litt «laust og fast» om ymse,  meir eller mindre aktuelle saker.

Deltakarar på møte: 16 ?

Kristian (ref)