Førde Gjestehus og Camping
Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte 06.11.2018 på Førde Gjestehus og Camping.
Til stades: Oliv, Kjell, Kristian: Helge, Signe hadde meldt fråvær.
Sak 1. Referat frå forrige møte
Ingen merknadar
Sak 2. Skriv frå forbundet.
– Handlingsplan 2019-2021/utkast .
Styret drøfta lokale tiltak for verving av nye medlemmar. Verve brosjyrer ol er
prøvd tidlegare, men utan vesentlig resultat. Vi trur at «munn til munn» metoden
er den beste og ber alle i styret og medlemmane ta denne metoden i bruk.
Elles ingen vesentlige merknadar og tas til etterretning. Svarfrist 09.11.2018.
– Budsjettforutsetting 2019
Telenor har varsla om at tilskotet frå 2019 vert redusert til 1,0 mill og ikkje
1,5 mill som vi har fått dei seinaste åra. Overføringane frå forbundet i november 2018
vil gå som normalt inkl momskompensasjjon. For oss vil dette bety reduserte inntekter
på ca kr 11 000 iflg Kjell i 2019..
– SAKO samarbeid
Styret fann ingen andre lokale SAKO org det var naturleg å samarbeide med.
– Protokoll 8/2018
Styret gikk gjennom protokollen og kommenterte innhaldet.
Sak 3. Julelunsjen 2018
Som tidlegare omtalt vert julelunsjen i Førde på Scandic hotell fredag 7
desember med frammøte ca kl 1400. For utsending av invitasjon mm skal styret
møtast hos Oliv/Helge onsdag 14.11.18 kl 1100. Må kopiere 110 eks før møte.
Erling Hovland (Elle) deltar og Hellvik blir med på turen – Takk til Signe !!
I Sogndal vert julemiddagen torsdag 6 desember på Malin.
Sak 3: Demo av StyreWeb
Kjell/Kristian hadde ein kort demo av styreweb.
Sak 4: Evt
Signe hadde deltek på lokal gravferd i Sogndal og lagt på bårebukett frå
Telepensjonistane i SognogFjordane og frå Teletreffen i Sogndal. Fint at våre
kollega vert minna i slike høve.
Dagunn fylte nyleg 90 år.
Ei meir oppegåande dame skal ein leite lenge etter ! Det eg ikkje lengre har i beina må eg ha i hovudet som ho sjølv uttrykte det ! Fine ord frå Oliv, gode kaker og takketale frå Dagunn.
Deltakarar på møtet: 27
Kristian (ref)