Styremøte 01.10.2020

Heime hos Oliv og Helge

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 

Referat frå styremøte 01.10..2020 Heine hos Oliv og Helge

Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Bjørg på tfn

—————————————————-

Grunna corona og smittesituasjonen har det vore lite aktivitet i laget sidan mars.
Hensikta med dagens møte var derfor å treffast, samsnakke og drøfte status for bl.a årets julelunsj..

Helge har vore i kontakt med Scandic hotell i Førde om arrangementet og Bjørg har opplegget klart for Sogndal.
Hotellet har gjeve utrykk for at dei kan ivareta julelunsjen på ein trygg og forsvarlig måte, men uklart kor mange dei har plass til. Vi ventar på endelig svar.

Bjørg hadde tent å lodde stemninga med utsending av mail til lokale medlem. Lunsjen var planlagt på Malin i Sogndal.

 

Styret i telepensjonistane er ansvarlig for arrangementet og ut frå smittefaren betenkt på om
det er forsvarleg med slik samling i år.
Vi ynskjer derfor å diskutere dette med medlemmene.

Kjell sender ut innkalling til Medlemsmøte i Førde frå StyreWeb. Møte blir som vanlig i Utstillingssalen Førdehuset tysdag 6 oktober kl 1100.. Han sjekker også evt servering.

Til møte har Helge mottatt prs, plass mm frå hotellet.

Endelig konklusjon på julelunsjen vert teke på møtet. Bjørg får tilbakemelding.

 

Kjell orienterte om den økonomiske situasjonen – lite aktivitet og lite forbruk.

PS: Takk til Oliv for kaffi, gode rundstykke og kake.

Kristian (ref)

 

  1. På medlemsmøte tysdag 06.10.20 var julelunsjen drøfta. Styret fekk tilslutning

til sitt forslag om ikkje å arrangere julelunsj i 2020.
Evt «oppsparte» midlar kan brukast på arrangement/tur til våren 2021.