Trim for dei eldste eldre

Dagunn Klakegg i Førde har vore primus motor i prosessen med å lage tre trimprogram

Trimprogramma rettar seg mot dei eldste blant oss, både dei heimebuande, som gjerne har ein  helsesituasjon som gjer at dei ikkje kjem seg ut av huset med eiga hjelp, og dei som er komne på institusjon og som gjerne sit og søv framfor TV-en fordi personalet verken har tid eller den kunnskap som trengs for å aktivisere dei.

Øvelsene blir utført sittende på ein stol,  etter fengende musikk og ein får aktivisert dei fleste musklane i kroppen. Programmet er etter eit mønster frå Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter. Dei har spesialisert seg på nyopererte pasientar og funksjonshemma eldre og har flinke instruktørar og eit trim-program som egnar seg for denne målgruppa.

Hvert program er på rundt 20 minut. Programansvarleg og instuktør er Kristian M Bye.

Tanken er å prøva å få NRK til å leggje programma ut blant sitt prorgamtilbud på nett. Dei kan også sjåast på YouTube. Klikk på lenkane under for å sjå programma.

Program 1
Program 2
Program 3

Ei nærare omtale av prosjektet er gitt i Telepensjonisten nr. 3/2022.

Lenkene til programma er også tilgjengelige via menypunktet «For medlemmer» i hovedmenyen.